Hensikta med systemet er å sikre at problem blir oppdaga og tatt hand om i tide. Den som leier verksemda, har plikt til å sørge for at krava som regelverket stiller til HMS, blir følgde systematisk opp. Oppfølginga skal gjerast i samarbeid med arbeidstakarane og representantane deira.
Internkontroll - systematisk arbeid med helse, miljø og sikkerhet
Korleis lage eit HMS-system?
I internkontrollforskrifta (forskrift om systematisk helse-, miljø og sikkerheitsarbeid i verksemder) kan du sjå korleis arbeidet bør leggast opp for verksemder som er små og lite risikoutsette og kva som skal til der det er mange tilsette eller HMS-utfordringar. Forskrifta er utgitt med rettleiing og kommentarar.
I tillegg til den jamlege oppfølginga med kartlegging og tiltak, må bedrifta også, gå gjennom sjølve systemet som er bygd opp og vurdere om det har fungert i praksis eller om det bør endrast.
Internkontroll inneber at verksemda skal
- sørge for at det helse-, miljø- og sikkerheitsregelverket som gjeld for verksemda, er tilgjengeleg for alle. Det inneber også å ha oversikt over kva krav som er særleg viktige for verksemda.
- sørge for at arbeidstakarane har nok kunnskap og ferdigheiter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet, også informasjon om endringar
- sørge for at arbeidstakarane medverkar, slik at verksemda kan utnytte kunnskapen og erfaringa til alle i verksemda
- fastsette mål for helse, miljø og sikkerheit. Måla skal vere skrifteleg dokumenterte.
- ha oversikt over korleis verksemda er organisert, og korleis ansvaret, oppgåvene og myndigheiten for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit er fordelt. Organiseringa må vere skrifteleg dokumentert.
- kartlegge farar og problem på arbeidsplassen. På grunnlag av kartlegginga skal de vurdere risiko og utarbeide planar og tiltak for å redusere risikoen. Kartlegginga og planane må vere skrifteleg dokumenterte. Les meir om risikovurdering.
- iverksette rutinar for å avdekke, rette opp og førebygge brot på krava som er fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgivninga. Rutinane må vere skriftlege. Les meir om avvik og avvikshandtering.
- foreta systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at han fungerer som tenkt. Resultatet av gjennomgangen må vere skrifteleg dokumentert.
Kven gjeld forskrifta for?
Internkontrollforskrifta gjeld for alle verksemder som blir omfatta av bestemde lover som behandlar ulike helse-, miljø- eller sikkerheitsomsyn.
Du kan gå ut frå at forskrifta gjeld for bedrifta dykkar, så sant de produserer, sel eller tilbyr varer og tenester. Først og fremst er internkontroll arbeidsgivaren sitt ansvar, men alle tilsette har både rettar og plikter i samband med HMS-arbeidet. Les meir om ulike rollar i HMS-arbeidet.
Dersom de er usikre på kva internkontrollforskrifta betyr for bedrifta dykkar, kan de be vår Svarteneste om hjelp.
Tilsynsmyndigheitene kontrollerer at HMS-reglane blir overhaldne gjennom tilsynsbesøk, stikkprøver eller meir omfattande gjennomgang av heile HMS-systemet i bedrifta. Ved brot på regelverket kan myndigheitene gi pålegg om å rette opp forholdet innan ein viss frist. Dersom pålegget ikkje blir overhalde innan fristen, kan bedrifta få dagbøter som går fram til pålegget er oppfylt. I alvorlege tilfelle kan det også bli snakk om forureiningsgebyr og politimeldingar.
Mange kundar og leverandørar stiller også krav til HMS. Stadig fleire krev for eksempel at deira kontraktspartnarar og underleverandørar kan dokumentere godt HMS-arbeid. Gode rutinar for HMS kan også vere viktig for forsikringspremien. Mangelfulle rutinar kan derimot føre til problem med forsikringsoppgjer i eit skadetilfelle.
Internkontrollforskrifta er knytt opp mot ei rekke lover og forskrifter, og blir forvalta av fleire myndigheiter. Kva regelverk som er aktuelt for dykk, er avhengig av kva slags arbeid de utfører i bedrifta. Dei mest sentrale myndigheitene er Arbeidstilsynet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Miljødirektoratet og Næringslivets sikkerheitsorganisasjon. Desse fører tilsyn med at regelverket blir følgt.