Alle legar skal melde frå om sjukdom som dei trur kjem av arbeidssituasjonen til pasienten. Meldinga skal skje på skjemaet «Melding om arbeidsrelatert sjukdom» og sendast til rett tilsynsmyndigheit.
Meldeplikta til legane
Send skjemaet til rett tilsynsmyndigheit
Send meldinga per post til Arbeidstilsynet, Pb. 4720 Torgarden, 7468 Trondheim.
Om du bruker ferdig frankerte svarkonvoluttar frå Arbeidstilsynet, sender du dei til adressa som står på konvolutten.
Du kan også sende meldinga via eDialog.
Send meldinga til Havindustritilsynet, Pb. 599, 4003 Stavanger.
Send meldinga til Luftfartstilsynet, Pb. 243, 8001 Bodø.
Bruk same skjema til både Arbeidstilsynet, Havindustritilsynet og Luftfartstilsynet.
Arbeidstilsynet kan ikkje vidaresende skjema til andre myndigheiter dersom legen har sendt det til feil myndigheit. Dette skuldast innstrammingar i regelverket om personvern.
Last ned meldeskjema
Du kan laste ned skjemaet til di eiga maskin. Du finn rettleiing til utfylling på side 6 i dokumenta:
Nynorsk - «Melding om arbeidsrelatert sjukdom» - skjema 154 N (PDF, signform.no)
Bokmål - «Melding om arbeidsrelatert sykdom» - skjema 154 B (PDF, signform.no)
Dersom skjemaet er fullstendig utfylt, får meldaren eit honorar på 150 kroner.
PDF-skjemaet er låst for redigering, og det er berre svarfelta som er opne for utfylling. Vi rår deg til å bruke anten nyeste versjon av Adobe Reader eller ein oppdatert nettlesar med full støtte for PDF-filar når du fyller ut.
Dersom du bruker ein Apple-eining (for eksempel ein Mac), bør du bruke noko anna enn Preview-programmet. Grunnen er at Preview ikkje har full støtte for PDF, og du kan få trøbbel med å opne skjemaet.
Dersom du har problem med å laste ned eller fylle ut eit skjema, kan du få hjelp frå Signform som har programmert skjemaa: info@signform.no.
Det er også mogleg å skrive ut PDF-skjemaet og fylle det ut for hand.
Last ned meldeskjema for arbeidsrelatert skade
Nynorsk - «Melding om arbeidsrelatert skade» - skjema 155 N (PDF, signform.no)
Bokmål - «Melding om arbeidsrelatert skade» - skjema 155 B (PDF, signform.no)
Skadar er ikkje omfatta av meldeplikta og blir ikkje honorert.
PDF-skjemaet er låst for redigering, og det er berre svarfelta som er opne for utfylling. Vi rår deg til å bruke anten nyeste versjon av Adobe Reader eller ein oppdatert nettlesar med full støtte for PDF-filar når du fyller ut.
Dersom du bruker ein Apple-eining (for eksempel ein Mac), bør du bruke noko anna enn Preview-programmet. Grunnen er at Preview ikkje har full støtte for PDF, og du kan få trøbbel med å opne skjemaet.
Dersom du har problem med å laste ned eller fylle ut eit skjema, kan du få hjelp frå Signform som har programmert skjemaa: info@signform.no.
Det er også mogleg å skrive ut PDF-skjemaet og fylle det ut for hand.
Desse opplysningane må du fylle ut
Skjemaet ber deg fylle ut opplysningar om
- pasienten
- arbeidsgivaren
- yrke
- type sjukdom
- bakgrunn for sjukdommen
Opplysningane blir behandla konfidensielt og er svært viktige for det førebyggande arbeidet til tilsynsmyndigheitene. Teieplikta set grenser for kva opplysningar det er tillate å dela.
Bestill papirskjema og konvoluttar
Du kan bestille papirskjema og ferdig frankerte konvoluttar på e-post: post@arbeidstilsynet.no
I e-posten må du oppgi
- om du ønsker meldeskjema for sjukdom eller meldeskjema for skade
- kor mange skjema og/eller konvoluttar du vil ha
- om du ønsker skjema på nynorsk eller bokmål
- postadressa di
Du kan bruke dei same skjemaa til alle tilsynsmyndigheitene.
Konvoluttane kan berre brukast for meldingar til Arbeidstilsynet, det vil seie meldingar som gjeld landbaserte verksemder. Du kan også sende meldinga via eDialog.
Kva skal legen melde frå om?
Både fysiske og psykiske helseplager kan oppstå eller bli forverra av arbeidsmiljøet.
Legar skal melde frå om alle sjukdommar og plagar som dei trur kan skuldast arbeidet til pasienten.
Det er nok at legen har mistanke om at sjukdommen har samanheng med arbeidet. Meldinga føreset ikkje at det er tatt endeleg stilling til årsakssamanhengen. Ho krev heller inga fullstendig førehandsutgreiing.
Det er legen sjølv som må velje kva for tilfelle som bør meldast. Det er like relevant å melde frå om muskel- og skjelettplager og psykiske plager som det er å melde lungesjukdom eller kreft.
Tilsynsmyndigheitene ønsker også melding om skadar som skuldast arbeidet. Men i motsetning til sjukdom, er skadar ikkje meldepliktige etter lova. Derfor må pasienten tillate at skaden meldast.
Melding om skadar blir ikkje honorert.
Kvifor melde frå?
Arbeidstilsynet og dei andre myndigheitene er avhengige av informasjon frå legane for å kunne målrette det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet.
Enkeltmeldingar eller fleire likearta meldingar kan føre til at Arbeidstilsynet set i verk tiltak mot farlege produkt, arbeidsprosessar eller arbeidsutstyr, eller overfor særskilte bransjar. Meldingar om risikoforhold som er lite kjente, blir brukt til å sette i verk kartleggings- og forskingsarbeid.
I enkelte tilfelle kan tilsynsmyndigheita følge opp enkeltmeldingar for å førebygge nye sjukdomstilfelle. Dersom Arbeidstilsynet veljer å følge opp ei melding der vi må namngi pasienten overfor arbeidsgivaren, tar vi kontakt med pasienten for å få samtykke.
Pasienten kan ta med ein kopi av meldeskjemaet for sjukdom eller meldeskjemaet for skadar for å orientere arbeidsgivaren og bedriftshelsetenesta om helsefarlege forhold i arbeidet. Skjemaet kan også synleggjere behov for tilrettelegging.
Dersom pasienten kan ha rett til å få dekt utgifter til helsetenester for ein yrkesskade, kan han eller ho gi ein kopi av meldeskjemaet til NAV og arbeidsgivaren sitt forsikringsselskap.
Legen skal fylle ut og sende inn skjemaet også når pasienten ikkje har rett til dekte utgifter eller stønad frå NAV.
Arbeidsrelaterte sjukdommar omfattar langt meir enn kva folketrygdlova og lov om yrkesskadeforsikring godkjenner som «yrkessjukdommar». Skjemaet gir kunnskap som gjer det mogleg å førebygge slike sjukdommar.
Lær meir
E-kurs
På det interaktive e-kurset "Melding om arbeidsrelatert sjukdom og skade" kan du blant anna lære meir om meldeplikta til legane, arbeidsrelaterte sjukdommar, yrkessjukdommar og yrkesskadar.
Ta e-kurset "Melding om arbeidsrelatert sjukdom og skade" her
Opne kurset i "Tilgang som gjest".
Meir informasjon
Sjå oversikt over arbeidsmiljøfaktorar og arbeidsrelatert sjukdom (noa.stami.no)