Sjukefråværsoppfølging: Snakk meir saman

Sjukefråværsoppfølging er tema i dette webinaret arrangert av Nav. 

Når: tirsdag 13. mai 2025, 11:00 - 12:00

Hvor: Webinar

Påmeldingsfrist: fredag 9. mai 2025, 12:00

Me vil legga vekt på det viktige samarbeidet mellom leiar, tillitsvald og verneombod for å jobba systematisk med arbeidsmiljø og sjukefråvær, samt dialogen mellom leiar og arbeidstakar for å førebygga og følja opp sjukefråvær. 

Her kjem me innom tema som rutinar, oppfølgingsplanen, samt tilrettelegging og medverknad.  

Arrangementet er i regi av Samarbeidsforum i vest som består av Nav arbeidslivssenter Vestland, Arbeidstilsynet, Delta, KS, LO Stat, Utdanningsforbundet, Norsk Sykepleierforbund, Fagforbundet og Vestland fylkeskommune.

Leiarar, verneombod, tillitsvalde og andre interesserte er velkommen til å delta.

For spørsmål om dette arrangementet, ta kontakt med Øyfrid Geiring, på oyfrid.geiring@arbeidstilsynet.no.

Velkomen!