Korleis er det å gå på jobb når du er redd for kva som møter deg? Korleis er det å bli skjelt ut av pårørande? Er det greitt at nokon spyttar på deg når du er på jobb? Vald og truslar er ein del av arbeidskvardagen til mange som jobbar i helsesektoren. Vald og truslar kan og skal førebyggast. Dette skal vi snakke om på samlinga.
Stavanger: Vald og truslar i heimetenesta og sjukeheim
Innhald
Seminaret vil gje deltakarane innblikk i kva krav som blir stilt i lov og forskrift knytt til vald og truslar. Kva erfaringar har Arbeidstilsynet etter tilsyn og kva ser vi etter? Som deltakar vil du også få diskutere kjente risikoforhold i bransjane og korleis desse påverkar arbeidsmiljøet. Vi vil snakke om betydninga av å jobbe kunnskapsbasert, systematisk og førebyggande med arbeidsmiljøet. Medverknad og partssamarbeid står sentralt i dette arbeidet. De får også tips om verktøy og rettleiingsmateriell som kan brukast i arbeidsmiljøarbeidet.
Programpostar for dagen
- Kva er vold og trusler/risiko i bransjen
- Gruppeoppgaver
- Erfaringsdeling i plenum
- Erfaringer frå tilsyn, systematisk HMS-arbeid
- Erfaringer frå IA bransjeprogram sjukeheim
- Oppsummering, evaluering og vel hjem
Målgruppe
HMS-gruppene i sjukeheim og heimetenesta: leiar, verneombod og tillitsvalde. På samlinga vil det bli gruppediskusjonar innan eigen HMS-gruppe, så både leiar, verneombod og tillitsvald må melde seg på.
E-læring om vold og trusler som førebuing til samlinga
Ved påmelding til den fysiske samlinga vil du få lenke til ei e-læring om vald og truslar. Samlinga vil bygge på innhaldet i e-læringa.
I e-læringa får du ei innføring i kva arbeidsmiljøregelverket seier om førebygging av vald og truslar og korleis de som leiar, verneombod og tillitsvald kan jobbe saman om førebyggingsarbeidet i praksis. Du kan velje å gjennomføre e-læringa individuelt eller saman som gruppe.
Du/de i HMS-gruppa må sette av minimum ein time for å gå gjennom e-læringa som førebuing. Tidsbruk vil kunne variere. Når du får e-læringa tilsendt får du også informasjon om korleis du skal logge deg inn.
Påmelding
Det er gratis å delta på samlingen, men du må melde deg på sammen med resten av HMS-gruppa på din arbeidsplass.
For spørsmål om dette arrangementet, ta kontakt med Øyfrid Geiring, på oyfrid.geiring@arbeidstilsynet.no.
Velkommen!
