Tromsø: Vald og truslar i heimetenesta og sjukeheim

Korleis er det å gå på jobb når du er redd for kva som møter deg? Korleis er det å bli skjelt ut av pårørande? Er det greitt at nokon spyttar på deg når du er på jobb? Vald og truslar er ein del av arbeidskvardagen til mange som jobbar i helsesektoren. Vald og truslar kan, og skal førebyggast. Dette skal vi snakke om på samlinga.

Når: tirsdag 29. april 2025, 12:00 - 15:30

Hvor: Rådhusgata 2, Tromsø

Påmeldingsfrist: fredag 25. april 2025, 12:00

Målet med samlinga er at de blir betre til å jobbe kunnskapsbasert og systematisk med å verne arbeidstakarane mot vald og truslar på arbeidsplassen. Medverknad og verdien av samarbeid mellom leiar, verneombod, tillitsvalde og tilsette er sentralt for å lukkast med førebygging av vald og truslar. De skal også kjenne til bedriftshelsetenesta si rolle og deira bidrag i dette arbeidet. 

Innhald 

Seminaret vil gje deltakarane innblikk i kva krav som blir stilt i lov og forskrift knytt til vald og truslar. Kva erfaringar har Arbeidstilsynet etter tilsyn og kva ser vi etter?

Som deltakar vil du også få  diskutere kjente risikoforhold i bransjane og korleis desse påverkar arbeidsmiljøet. Vi vil snakke om betydninga av å jobbe kunnskapsbasert, systematisk og førebyggande med arbeidsmiljøet. Medverknad og partssamarbeid står sentralt i dette arbeidet. De får også tips om verktøy og rettleiingsmateriell som kan brukast i arbeidsmiljøarbeidet. 

Program for dagen kjem.

Målgruppe 

HMS-gruppene i sjukeheim og heimetenesta: leiar, verneombod og tillitsvalde. På samlinga vil det bli gruppediskusjonar innan eigen HMS-gruppe, så både leiar, verneombod og tillitsvald må melde seg på. 

E-læring om vald og truslar som førebuing til samlinga 

Fire veker før den fysiske samlinga vil du få lenke til ei e-læring om vald og truslar. Samlinga vil bygge på innhaldet i e-læringa.  

I e-læringa får du ei innføring i kva arbeidsmiljøregelverket seier om førebygging av vald og truslar og korleis de som leiar, verneombod og tillitsvald kan jobbe saman om førebyggingsarbeidet i praksis. Du kan velje å gjennomføre e-læringa individuelt eller saman som gruppe. 

Du/de i HMS-gruppa må sette av minimum ein time for å gå gjennom e-læringa som førebuing. Tidsbruk vil kunne variere. Når du får e-læringa tilsendt vil du få informasjon om korleis du skal logge deg inn. 

Påmelding 

Det er gratis å delta på samlinga, men du må melde deg på saman med resten av HMS-gruppa på din arbeidsplass.  

Velkomen!  

Illustrasjon av en ansatt som bruker en personløfter for å forflytte en pasient til ei seng