Mykje støyskadar blant bygge- og anleggsarbeidarar

Publisert 18.02.2025 - Lesetid: 4 min

Tilsette i bygg- og anleggsbransjen slit meir med rygg- og armsmerter, nedsett høyrsel og arbeidsskadar som fører til fråvær, enn gjennomsnittet  av arbeidstakarar. Det viser ein ny rapport. Den sjukdommen som legane oftast blir melder inn, er støyskadar.  

Eit fotografi viser to arbeidarar med hjelm, den eine trillar ein trillebår medan den andre ber ein stige.

UTSETT YRKE: Sterk støy og tungt fysisk arbeid er vanleg i bygge- og anleggsverksemd. FOTO: Colourbox. 

I ein fersk rapport frå Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) kan du lese om utviklinga av arbeidsskadedødsfall, eksponeringar og helseutfordringar i bygg og anlegg.

Les rapporten: Helseproblemer og ulykker i bygg og anlegg - rapport 2024 (PDF)

Støyskade den mest melde arbeidsrelaterte sjukdommen

Rapporten viser at tilsette innan bygge- og anleggsverksemd har meir rygg- og armsmerter, luftvegsplager, nedsett høyrsel og arbeidsskadar med fråvær, enn gjennomsnittet for alle sysselsette.  

Også tal frå Register for arbeidsrelatert sjukdom (RAS), viser at støyskadar er den mest melde arbeidsrelaterte sjukdommen blant tilsette i bygg- og anleggsverksemd.  

– Risikovurdering er viktig når det gjeld å førebygge både ulykker, men og sjukdom. Det seier direktør i Arbeidstilsynet, Ingvill Kvernmo.  

– Leiarar bør vere klare over at alle typar avgjersler i verksemda kan påverke risikoen for sjukdom og ulykker. Både verksemdsleiarar, bransjeforeiningar og myndigheitene må vere involvert i førebyggingsarbeidet, for å skåne arbeidstakarane som gjer det praktiske arbeidet.   

Les meir om risikovurdering:  Kva er risikovurdering? 

Fysiske ulykkesførebyggande tiltak har størst effekt

Eit viktig mål for Arbeidstilsynet er å få verksemder til å arbeide systematisk med å førebygge alvorlege personskadar og ulykker. 

Dersom verksemda ikkje kan fjerne faren heilt, er fysiske ulykkesførebyggande tiltak det mest effektive. Det kan til dømes vere fysiske barrierar som skil arbeidstakarar frå farar. 

–  Tiltak for å påverke haldningar og åtferd, som å bygge ein god tryggleiks- og openheitskultur, kan forsterke dei fysiske tiltaka, men dei har liten effekt åleine, seier Kvernmo. Ho minner om at dei fysiske tiltaka bør vere med i utforminga av maskinene og utstyret, og dermed ikkje vere avhengig av valet til kvar enkelt arbeidstakar.

Nokre råd for å førebygge arbeidsskadar    

  • Kartlegg farar, vurder risikoen for at det oppstår uønskte hendingar og avvikssituasjonar, og set i verk nødvendige tiltak.
  • Ha leiarar som er til stades på arbeidsplassen og som sørger for å risikovurdere, koordinere, følge opp og kontrollere at arbeidet går føre seg sikkert og som planlagt, og som handterer avvikssituasjonar når dei oppstår. 
  • Ha fysiske barrierar som hindrar at små menneskelege feilhandlingar fører til alvorleg skade. Ha klart definerte faresoner rundt maskiner, vern på sag, vern mot fall og kollektiv sikring ved arbeid i høgda og liknande. 
  • Planlegg arbeidet godt, også kva ein skal gjere i avvikssituasjonar. God planlegging reduserer risikoen for uventa hendingar som ofte fører til  improvisasjon og tidspress. Planlegg slik at arbeidsoppgåver er godt koordinerte, bemanna med personell med rett kompetanse og at eigna utstyr er tilgjengeleg og blir brukt. 

Kvifor har vi denne rapportserien?

Bakgrunnen for rapportserien er eit samarbeid mellom bransjen og styresmaktene, for å jobbe mot ein sikker og skadefri byggje- og anleggsnæring. Bidraget til styresmaktene er å utarbeide ein årleg rapport over skadar og yrkesrelatert sjukdom i byggje- og anleggsnæringa. Alle rapportane er utarbeidde i eit samarbeid mellom Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt, og dette er den tiande i rekkja.

 

 

Skrevet av pressekontakt