
EI EKSTRA VEKE FERIE: I mai, påska og jula er det fleire rauddagar som har skapt forvirring rundt regelverket om den ekstra ferieveka. FOTO: Colourbox
I nokre verksemder har arbeidsgivaren og fagforeiningane praktisert at raude dagar ikkje blir rekna som feriedagar etter ferielova. Det har ført til at nokre arbeidstakarar som har teke ut feriedagar på arbeidsdagane, har blitt bedne om å komme på jobb på dei raude dagane. Det har også hendt at arbeidstakarar har blitt nekta å ta ut «seniordagar» på raude dagar. Er dette lov?
– Ferielova seier at seniorar har rett på ei ekstra ferieveke, men det står ingenting om når dei kan ta ut denne ekstra ferieveka. Dette er noko arbeidsgivar og arbeidstakar må bli einige om, seier Vigleik M. Aas, seksjonsleiar for svartenesta i Arbeidstilsynet.
Kan vere regulert i avtale
Arbeidstakarar over 60 år bestemmer sjølv når dei vil avvikle ekstraferien, med mindre dei og arbeidsgivaren har avtalt noko anna. I utgangspunktet kan dei også velje om dei vil avvikle ekstraferien samla eller med ein eller fleire dagar om gongen.
Derfor bør arbeidsgivar og arbeidstakar sjekke om dei allereie har, eller ønsker å ha, ein avtale om tidspunktet for seniorveka. For eksempel kan ein tariffavtale slå fast at ferieavviklinga for seniorar ikkje kan avviklast dersom omsynet til drifta gjer det vanskeleg. Eit anna eksempel er at arbeidsgivaren må ta omsyn til andre arbeidstakarar, for eksempel om det er fleire seniorar på arbeidsplassen, eller at andre har jobba kvar jul på raude dagar.
– Om det finst ein slik avtale om avviklinga av seniorveka, må arbeidstakar og arbeidsgivar forhalde seg til det som er avtalt, seier Aas.
Arbeidstakar har siste ord, men hugs varslingsfristen
Dersom det ikkje finst nokon avtale, og arbeidsgivar og arbeidstakar ikkje blir einige, er det arbeidstakaren som har det siste ordet.
– Men hugs! Arbeidstakaren må alltid varsle arbeidsgivaren seinast to veker før ferien startar.