ALLE TYPAR ARBEIDSRELATERT SJUKDOM SKAL MELDAST: – Det er like relevant å melde frå om muskel- og skjelettplager og psykiske plager som det er å melde lungesjukdom eller kreft, seier overlege Tonje Strømholm i Arbeidstilsynet. Illustrasjonsfoto: Arbeidstilsynet
Den nye e-læringa gir legane ei innføring i kva dei skal melde, og korleis dei skal gjere det.
– Meldingane vi får inn om arbeidsrelatert sjukdom, er ei viktig kjelde for oss som myndigheit i det førebyggande arbeidet, seier overlege Tonje Strømholm i Arbeidstilsynet.
Myndigheitene kan bruke meldinga til å følgje opp at verksemda forbetrar arbeidsmiljøet der pasienten jobbar. Tilsynsmaktene kan også undersøke om arbeidsgivaren har gjort dei tiltaka som er nødvendige for å hindre at pasienten eller andre arbeidstakarar blir sjuke.
– Meldingane kan også gi oss viktig informasjon om samanhengar mellom arbeid, eksponering og helse for yrkesgrupper eller næringar, seier Strømholm.
Alle typar sjukdom skal meldast
Legar skal melde frå om alle sjukdommar og plagar som dei trur kan komme av arbeidet til pasienten. Det er nok at legen har mistanke om at sjukdommen har samanheng med arbeidet.
– Det er like relevant å melde frå om muskel- og skjelettplager og psykiske plager som det er å melde lungesjukdom og kreft, seier Tonje Strømholm. Ho legg til at dei også ønsker melding om skadar som kjem av arbeidet, sjølv om dette ikkje er lovpålagt.
For pasientane betyr eit utfylt skjema at dei kan ta kopien sin med til bedriftshelsetenesta og/eller til arbeidsgivar, og gjere dei merksame på farlege forhold og behov for tilrettelegging.
Kurset gir innsikt i:
- Kva er arbeidsrelatert sjukdom og skade?
- Kvifor melde frå om arbeidsrelatert sjukdom og skade?
- Kva er forskjellen mellom arbeidsrelaterte sjukdommar, yrkessjukdommar og yrkesskadar?
- Kva skal du melde og kor melder du?
- Korleis kan du avdekke om ein sjukdom er arbeidsrelatert?
- Når skal du melde frå om arbeidsrelatert sjukdom og skade?
E-læringa gir også eksempel på kva som skal meldast, og gir deg svar på kva for myndigheit du skal sende meldinga til.
Alle meldingar om arbeidsrelatert sjukdom og skade i det landbaserte arbeidslivet skal meldast til Arbeidstilsynet, mens Havindustritilsynet (tidlegare Petroleumstilsynet) og Luftfartstilsynet skal ha meldingar innanfor sine myndigheitsområde.
Her finn du meir informasjon, meldeskjema og lenkje til e-læringa: Meldeplikta til legane