NY BRANSJE I ARBEIDSMILJØHJELPEN: Bransjen bank, finans og forsikring kan nå ta i bruk verktøyet for å jobbe med arbeidsmiljøet sitt. FOTO: Arbeidstilsynet
– Forbetring av arbeidsmiljø er ein kontinuerleg prosess, som det må jobbast systematisk med over tid. Arbeidsmiljøhjelpen er eit verktøy som kan hjelpe verksemder med dette arbeidet, seier seksjonsleiar Gunn Robstad Andersen i Arbeidstilsynet.
Gå til bransjen bank, finans og forsikring i Arbeidsmiljøhjelpen
Kunnskapsbaserte og praksisnære døme for eigen bransje
Alle bransjar har unike utfordringar som, dersom ein ikkje er bevisst dei, kan påverke arbeidsmiljøet i negativ retning. I Arbeidsmiljøhjelpen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar finne kunnskapsbaserte og praksisnære eksempel på moglege utfordringar i bransjen sin, og forslag til korleis det kan jobbast med dei.
– Bruk verktøyet i partssamarbeidet og sørg for medverknad frå dei tilsette. På denne måten får alle eigarskap til arbeidsmiljøarbeidet, seier Andersen.
Slik blir verktøyet brukt:
- Diskuter saman om de kjenner dykk igjen i eksempla
- Finn ut nøyaktig kva din arbeidsplass treng å jobbe med
- Lag ein plan for korleis de skal jobbe med det
Arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie for sjukefråvær
Det kan vere mange årsaker til helseplager og sjukefråvær. Arbeidsmiljøet har mykje å seie for arbeidsrelatert sjukefråvær, og arbeidsplassen er ein viktig førebyggingsarena.
Arbeidsmiljøhjelpen består av seks tema som har noko å seie for helse og arbeidsrelatert fråvær. Gå gjennom alle tema i fellesskap for å finne forbetringsområde og lage tiltak.
Oversikt over ulike tema:
- organisering av arbeidet
- jobbe med menneske
- manuelt arbeid
- arbeidstid
- tids- og arbeidspress
- omstilling
SEKS TEMA: Kvart tema har fleire underpunkt tilpassa kvar bransje. ILLUSTRASJON: Skjermdump Arbeidsmiljøhjelpen.
Webinar om endring og omstilling i bank, finans og forsikringsbransjen
Fusjon, oppkjøp, effektiviseringsprosesser, digitalisering, selvbetjeningsløsninger, kunstig intelligens – lista over potensielle årsaker til endring og omstilling i bransjen er lang. Endring kan gjøre arbeidet mer effektivt og gi kundene bedre tjenester, men det kan også føre til usikkerhet blant ansatte, som igjen kan påvirke både helse og arbeidsmiljøet negativt.
Arbeidstilsynet inviterer til webinar om hvilke grep som kan gjøres for å bidra til å skape et godt arbeidsmiljø, også når man står i endring og omstilling.
Les mer om webinaret: Endring og omstilling i bank, finans og forsikringsbransjen