Ofte stilte spørsmål om ferie

Publisert 14.05.2025 - Lesetid: 3 min

Sommarferien nærmar seg, og Arbeidstilsynet får mange spørsmål om ferie. Her svarer vi på det fleire lurar på.  

Bildet viser en mann som pakker ut av en bil foran et feriehus. To barn løper inn i huset.

TID FOR FERIE: Kan arbeidsgivar kalle meg tilbake frå ferie? Og har eg rett til å utsetje ferien min når eg er sjukmeld? Mange kontaktar Arbeidstilsynet med spørsmål om ferieavvikling. FOTO: Arbeidstilsynet.

Finn du ikkje svar på spørsmål ditt, kan du lese meir om ferie på nettsidene våre eller ta kontakt med Arbeidstilsynets svarteneste 

Ofte stilte spørsmål om ferie

Etter ferielova har alle arbeidstakarar rett til 25 vyrkedagar ferie, noko som er fire veker og éin dag. Vyrkedagar er måndag til og med laurdag, uavhengig av om du faktisk jobbar på laurdagar. Søndagar og heilagdagar blir ikkje rekna som vyrkedagar. 

Nokre verksemder har tariffavtalar som gir rett til fem veker ferie. 

Arbeidsgivar bestemmer i stor grad tidspunktet for når arbeidstakar kan ta ferie. Men arbeidstakar har rett til å bli varsla om tidspunkt for avvikling av ferie minimum to månader i forkant. Skal denne regelen omgåst, må det stå noko om kortare fristar for varsling av ferie i tariffavtale eller arbeidsavtale. Eller det må være «særlege grunner til hinder for dette», eksempelvis driftsmessige forhold. 

Som arbeidstakar kan du krevje å få lagt minst tre veker samanhengande ferie til hovudferieperioden, som er frå 1. juni til 30. september. Viss du har lagt fram eit slikt krav, vil dette avgrense kor mykje av ferien arbeidsgivar kan påleggje å avvikle i perioden utanom. Du kan også krevje å få avvikle resten av ferien i samanheng. 

Ferielova er lik for alle. Den skil ikkje mellom deltidstilsette og heiltidstilsette. 

Etter ferielova svarer ei ferieveke til seks vyrkedagar. Det er berre søndagar og raude dagar som ikkje blir talde som feriedagar. Dagar ein arbeidstakar har fri frå før, etter arbeidstidsordninga si, blir talt med som feriedagar. 

Nei, det er berre 100 prosent sjukmelde arbeidstakarar som kan krevje ferien utsett. Når du er delvis sjukmeld, skal du avvikle ferien som normalt. 

Ja. Viss de har avtalt at du skal ta ferie, så må du ta ferie for den aktuelle perioden med mindre de blir einige om noko anna.  

Ja, men det er strenge vilkår for å kunne gjere dette. Det må vere nødvendig på grunn av uventa hendingar, at ferieavviklinga vil føre til vesentlege driftsproblem og at det ikkje finst nokon avløysar for arbeidsoppgåvene dine. Arbeidsgivar skal drøfte spørsmålet med deg, og må også dekke dei kostnadane (meirutgiftene) du får  som følge av avlysinga.  

Ja. Ferielova gjeld også når arbeidstakar er permittert, og du kan bli pålagt å avvikle planlagd ferie. Feriedagar tel ikkje med som permisjonstid. 

Nei, du kan som hovudregel ikkje krevje å ta ut ferie i oppseiingstida. Det er arbeidsgivar som bestemmer når ferie skal takast.

Unntaket er om det ikkje er mogleg å ta ut ferie seinare i hovudferieperioden (1. juni–30. september) eller før året er over.

Om du og arbeidsgivar blir samde, kan du likevel ta ut ferie i oppseiingstida.

Som hovudregel kan ikkje arbeidsgivar krevje at du tek ut ferie i oppseiingstida utan at du er samd i det. Du kan også seie nei til allereie planlagd ferie i denne perioden.

Unntaket er om du har ei oppseiingstid på tre månader eller meir – då kan arbeidsgivar bestemme at ferien skal takast ut i oppseiingstida,  så lenge arbeidsgivar følgjer rammene i ferielova.

Skrevet av