– Vald og truslar i sjukeheim og i heimetenesta kan og skal førebyggast

Publisert 21.03.2025 - Lesetid: 3 min

Hender det at du er redd for kva som møter deg når du går på jobb? For tilsette på sjukeheim og i heimetenesta er dette ei kjent problemstilling. No inviterer Arbeidstilsynet til samlingar med rettleiing til korleis vald og truslar kan førebyggast, og fortsett med tilsyn i bransjen. 

Bildet viser en helsefagarbeider og en eldre dame som holder hender.

HVORDAN FOREBYGGE? Arbeidstilsynet inviterer til fysiske samlinger i hvordan forebygge vold og trusler for ledere, verneombud og tillitsvalgte i hjemmetjeneste og sykehjem. FOTO: Arbeidstilsynet

Vald og truslar er ein del av arbeidskvardagen til mange som jobbar i helsesektoren. Forsking frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at 34 prosent av sysselsette på sjukeheim og omsorgsinstitusjonar har vorte utsette for vald. 27 prosent oppgir at dei har vorte utsette for hets eller truslar. 

– Vald og truslar i sjukeheim og i heimetenesta kan og skal førebyggjast. Vi ser at det er eit stort førebyggingspotensial ut i verksemdene, fortel seksjonsleiar Monica Varem Pettersen i Arbeidstilsynet.  

Erfaringar frå tilsyn viser at mange verksemder ikkje har gjennomført kartleggingar, risikovurderingar og laga planar og sett i verk tiltak for å verne arbeidstakarane mot vald, trussel om vald og uheldige belastningar. Regelverket er tydeleg - arbeidsgivar skal førebygge og følge opp vald og truslar slik at tilsette skal ha ein trygg arbeidskvardag. 

Medverknad og samarbeid – sentralt for å lykkast 

Arbeidstilsynet inviterer til fysiske samlingar om korleis leiarar, verneombod og tillitsvalde kan  førebygge vald og truslar i heimeteneste og sjukeheim. Vi skal også arrangere digitale samlingar med same tema til hausten. 

Målet med samlingane er at leiarar, verneombod og tillitsvalde skal få meir kunnskap om vald og truslar og at dei blir inspirerte til å jobbe systematisk og førebyggande.  

– Erfaringane våre viser at medverknad og samarbeid mellom leiar, verneombod, tillitsvalde og tilsette er sentralt for å lykkast med førebygging av vald og truslar, seier Monica Varem Pettersen. 

Les meir om dei fysiske seminara og meld deg på i: 

Fortsett med tilsyn 

Vi har auka talet på tilsyn innan helse- og sosial dei siste åra. Både sjukeheim og heimetenesta har høg risiko for arbeidsrelaterte muskel- og skjelettplagar og psykiske plagar. Arbeidstilsynet vil framleis gjennomføre tilsyn med desse næringane i 2025. Vald og truslar er eit av fleire tema for tilsyna.  

Vi vil mellom anna gjennomføre fleire oppfølgingstilsyn, både digitale og fysiske, i verksemder som har hatt tilsyn tidlegare. Formålet er å sjå på effekt, og dessutan å følge opp om arbeidsgivar jobbar systematisk med HMS-arbeidet. 

Skrevet av pressekontakt