Gebyr for behandling av byggesaker

Arbeidstilsynet behandlar byggesaker etter arbeidsmiljølova. Denne behandlinga blir belasta med eit gebyr.

Gebyret er fastsett etter følgande retningslinjer:

Gebyret for saksbehandling er det same anten du får samtykke eller avslag på søknaden. Dersom du søker på nytt, får du eit nytt gebyr.

Maksimalsatsane for gebyr vart sist justert 1. juli 2024.

Kven skal betale?

Det er den som er søkar av tiltaket – tiltakshavar – som får tilsendt regninga.

Frist for betaling

Du må betale innan den oppgitte betalingsfristen. Gebyr som ikkje blir betalte innan fristen, blir tvangsinnkrevd av Statens innkrevingssentral. Du får da eit tilleggsgebyr.

Klage

Du har rett til å klage på vedtak om gebyr.

Slik går du fram for å klage på Arbeidstilsynet sine vedtak

Les meir

Les meir om Arbeidstilsynet sitt samtykke – byggesak