Dersom arbeidsoppgåvene eller helsemessige forhold krev det, skal arbeidstakarane ha tilgang til dusjrom på arbeidsplassen. Her finn du både generelle og særskilte krav til dusj på arbeidsplassen.
Krav til dusj på arbeidsplassen
Kva slags arbeidsplassar må ha dusj?
Arbeidsplassen skal ha dusjrom dersom han har arbeidsoppgåver eller helsemessige forhold som tilseier det, for eksempel ved
- fysisk krevjande arbeid
- arbeid der ein kan bli skitten eller tilgrisa
- arbeid med illeluktande stoff
- arbeid med giftig eller helsefarleg stoff
Dette betyr at vi normalt stiller krav om dusj i arbeidslokale som brukast eller er planlagt brukt til for eksempel verkstad, bilpleie, industri, helseinstitusjonar, heimehjelpsentral, heimesjukepleie, ambulansestasjon, brannstasjon, veterinærteneste, landbruk, avfall og gjenvinning, avløpsanlegg, laboratorium og i forbindelse med bygge- og anleggsplassar. Eksempellista er ikkje fullstendig.
Generelle krav til dusj eller dusjrom
Generelle krav er at dusjrom skal vere dimensjonert og innreda etter arbeidstakarane og arbeidet.
Dusjrom skal som hovudregel vere plasserte i direkte tilknyting til garderobane. Dersom dusjrommet er åtskild frå garderoben, skal det vere lett tilgang mellom romma.
Antalet dusjar må vere tilpassa typen arbeid i verksemda og vere basert på det største antalet arbeidstakarar som normalt skal bruke dusjane på same tid.
Normalt skal dusjrom vere utforma slik at arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne kan bruke rommet.
Generelle krav er at dusjrom skal vere plassert og dimensjonert basert på
- aktivitetene og arbeidsoppgåvene på arbeidsplassen
- det største antalet arbeidstakarar som normalt bruker dusjrommet samtidig
- at verksemda skal kunne sysselsette både kvinner og menn
Dusjromma skal vere utstyrt med kaldt og varmt vatn.
Dusjromma skal normalt vere åtskild med skiljevegg dersom det er plassert fleire dusjar på rekkje.
Dusjromma skal normalt ikkje vere samanblanda med andre funksjonar, som for eksempel toalett, heller ikkje handikapptoalett.
Arbeidstakarane skal ha eigne dusjrom. Det betyr at dusjromma ikkje skal brukast av andre brukargrupper, som kundar, pasientar eller elevar. Dette er av omsyn til integriteten til arbeidstakarane.
Som hovudregel skal det vere kjønnsdelte dusjrom. Vi kan likevel akseptere felles dusjrom i tilfelle der maksimalt tre arbeidstakarar med behov for å dusje, er på jobb samtidig.
Ved søknad om Arbeidstilsynets samtykke vil vi vurdere dette i kvart enkelt tilfelle.
Nokre arbeidsplassar skal ha dusj mellom reint og ureint område
Enkelte arbeidsplassar og arbeidsoppgåver har risikoforhold som gjer det nødvendig å skilje mellom reint og ureint område. Dette fører blant anna til krav om reine og ureine garderobar med dusjrom mellom.
Nokre arbeidsplassar skal ha nøddusjar
På utsette arbeidsplassar må det finnast nøddusjar – for eksempel der det er risiko for at arbeidstakarane kan bli forbrente eller oversprøyta av helsefarlege eller etsande stoff. Nøddusjane må vere plasserte lett tilgjengeleg og i umiddelbar nærleik til farekjeldene.
Eksempel på arbeid som krev mange nok og godt merka nødddusjar:
Dusj på arbeidsplassen kan fremme fysisk aktivitet
Sjølv om arbeidsoppgåvene eller dei helsemessige forholda på arbeidsplassen ikkje medfører krav til dusj, kan det vere gode grunnar til å ha dusjrom for arbeidstakarane.
Arbeidsgivar skal blant anna alltid vurdere tiltak som kan fremme fysisk aktivitet blant arbeidstakarane sine. Dusjar på arbeidsplassen kan vere eit konkret tiltak som fremmer slik fysisk aktivitet, for eksempel sykling til og frå jobb.
Følg gjerne dei preaksepterte løysingane frå Arbeidstilsynet
Planlegg og innrett gjerne tiltaket/bygget i samsvar med dei preaksepterte (førhandsgodkjende) løysningane til Arbeidstilsynet. Da sikrar de at krava er oppfylde. Det aukar sjansen for å få samtykke frå Arbeidstilsynet.
Last ned og sjå Arbeidstilsynets preaksepterte løysningar i skjemaet for eigenerklæring