Dersom arbeidstakarane må sove på eller i tilknytning til arbeidsstaden på grunn av arbeidet og arbeidsoppgåvene, skal arbeidslokala ha soverom.
Krav til soverom på arbeidsplassen
Soverom skal vere planlagde og utforma slik at verksemda skal kunne sysselsette både kvinner og menn.
I soverom skal det ikkje vere plassert eller installera anna utstyr enn det som er knytt til den naturlege aktiviteten i rommet. Det betyr at det som hovudregel ikkje er akseptert å blande ulike funksjonar, som soverom og spiserom, i same rom.
Soverom skal vere hensiktsmessig plassert, dimensjonert og innreidd
Soverom på arbeidsplassen
- skal ha tilgang til toalett og vaskerom eller dusj med kaldt og varmt vatn
- skal vere stort nok til at brukaren kan bevege seg fritt og ha tilstrekkeleg plass for å oppbevare klær, sko og private eigendelar
- bør ha tilstrekkeleg plass til å kunne innreiast med bord og stol
- bør ha plass til å oppbevare mat og drikke
- bør vere plassert slik at brukaren blir minst mulig forstyrra
- bør vere enkeltrom og ikkje ha gjennomgang til andre rom som andre arbeidstakarar brukar
- bør ha vindauge som kan opnast
Regelverk
Følg gjerne dei preaksepterte løysingane frå Arbeidstilsynet
Planlegg og innrett gjerne tiltaket/bygget i samsvar med dei preaksepterte (førhandsgodkjende) løysningane til Arbeidstilsynet. Da sikrar de at krava er oppfylde. Det aukar sjansen for å få samtykke frå Arbeidstilsynet.
Last ned og sjå Arbeidstilsynets preaksepterte løysningar i skjemaet for eigenerklæring