Dataskjerm og databrille
Databriller eller skjermbriller er aktuelt for tilsette som jamleg jobbar ved ein dataskjerm. Brilla skal gjere det mogleg – eller enklare – å utføre arbeidsoppgåvene, og skal redusere faren for helseplagar som følgje av for dårlege synstilhøve. Dersom ei synsundersøking viser eit behov for briller i arbeidssituasjonen som ein ikkje har i dagleglivet elles, skal arbeidsgivar dekke utgifter til briller.
Dataskjerm er større, frittståande skjermar som er kopla til ei datamaskin. Det treng ikkje dreie seg om ein typisk kontorarbeidsplass, men kan òg vere for eksempel eit moderne kassaapparat.
Det avgjerande er ikkje kva for programvare som finst i datamaskinen, men derimot storleiken på skjermen og om arbeidet stort sett går føre seg framfor skjermen. Dermed kan det òg dreie seg om dataskjermar som er kopla til industrimaskinar som 3D-printarar, fresemaskinar og vannskjerarar.
Små skjermar som på mobiltelefonar blir ikkje rekna som dataskjerm. Slike skjermar har oftast ein storleik og eit bruksområde som skil seg frå skjermar som blir rekna som dataskjerm.
Databrilla vil oftast vere ei einstyrke-brille som er tilpassa avstanden til dataskjermen. Dersom arbeidsoppgåvene krev skarpt syn både på nære hald og på avstand, kan progressive eller fleirstyrke-briller fungere godt. Eit slikt behov må dokumenterast særskilt.
Standard progressive briller som eignar seg til dagleg bruk, blir ikkje rekna som databriller. Arbeidsgivaren har ikkje plikt til å dekke utgifter til briller eller kontaktlinser som arbeidstakaren treng i dagleglivet/utanom jobben.