Arbeidsmedisinske kommentarar
Beredskapsvakter må, som alt anna arbeid, vere helse-, velferds- og sikkerheitsmessig forsvarleg etter arbeidsmiljølova § 10-2 første ledd.
Belastningane ved beredskapsvakter kjem blant anna an på arbeidsoppgåvene og risikoforholda. Vidare vil talet på vakter per år og mengda arbeid på vakt vere med på å bestemme kor belastande ordninga blir. Det å ha tilstrekkelege ressursar (medarbeidarar, utstyr) til å løyse oppgåvene godt ved tilkalling reduserer belastninga.
Dersom ein må arbeide under beredskapsvakta, vil ein ofte ikkje få tilstrekkeleg søvn/kvile. Generelt påverkar beredskapsvakter søvnmengd og ‑kvalitet, slik at mange opparbeider søvnunderskot i løpet av vakta, sjølv når det er lite å gjere. Dette er fordi mange søv dårleg på beredskapsvakt. Mange har vanskar med å sovne og søv gjerne kortare og meir overflatisk. Etter å ha blitt vekt kan det dessutan ta tid å sovne igjen. Under beredskapsvakt kan ein opparbeide eit søvnunderskot som gjer at ein treng fridagar etter beredskapsvakta. Det kan vere nødvendig med kvile etter beredskapsvakt på same måte som etter nattskift, fordi søvnen får for dårleg kvalitet.
Eit anna viktig moment er at når ein blir vekt frå djup søvn, vil ein ofte vere ganske forvirra og fungere dårleg. Dette blir kalla søvninerti, eller å vere søvndrukken. Det kan ta frå ti–femten minutt til ein time før ein er ordentleg i gang igjen. I denne perioden kan ein vere dårleg skikka til å gi fornuftige svar eller til å utføre sikkerheitskritiske oppgåver. Det kan vere nødvendig å lage rutinar som sikrar at ein ikkje tar avgjerder med store konsekvensar før ein er ordentleg vaken.
Beredskapsvaktene kan vidare verke negativt på sosial aktivitet og familieliv.
Som vi ser av det ovannemnde, vil forsvarlegheitskravet i arbeidsmiljølova ofte vere eit hinder for å legge beredskapsvakter til den vekentlege eller daglege friperioden.
Les meir: Arbeidsmedisinske kommentarar om arbeidstid (PDF).