Medarbeidarar som ikkje veit kva verksemda ventar av dei, kan ikkje vere effektive. Nye roller kan føre til utryggleik omkring eigen arbeidssituasjon, spesielt om omstillinga inneber nye arbeidsoppgåver, ny tittel og ny arbeidsgruppe. Eit grunnleggande behov ved omstilling er derfor behovet for å vite kva som skal skje.
Så tidleg som råd
Nye og gamle roller, ansvar og oppgåver må avklarast så tidleg som råd, både i sjølve omstillingsprosessen og for den nye organisasjonen. Det gjeld òg rolla og oppgåvene til mellomleiarane.
Den nye organisasjonen set seg ikkje før alle har funne sin plass. Når roller og oppgåver blir avklart tidleg, blir den nye organisasjonen meir konkret og gjer det mogleg å einast om innhaldet i den nye arbeidskvardagen. Det kan også hindre personkonfliktar på grunn av uavklarte roller.
Tilsette treng òg oversikt over rollene og oppgåvene til dei andre i organisasjonen.
Lov- og avtaleverket regulerer
Dersom endringane fører til ny fordeling av ansvar og oppgåver, må arbeidsgivar vurdere dei arbeidsrettslege følgene. Reglane i arbeidsmiljøloven og avtaleverket regulerer dette. Hovudavtalane med særavtalar har reglar om informasjon, medbestemming og drøfting ved omlegging og oppseiing, og om ansiennitet ved oppseiing på grunn av innskrenking og eigarskifte.
Sjå også endringsoppseiing.
Sørg for samsvar mellom roller og kompetanse
Verksemda må bidra til at medarbeidarane kjenner seg trygge på eigen kompetanse. Det betyr at tilsette må få opplæring som gjer dei i stand til å mestre nye arbeidsoppgåver.
Kva kan verksemda gjere?
- Ha ein klar og tydeleg personalpolitikk i alle fasar av omstillingsprosessen.
- Utarbeid kompetanseplanar og sett av ressursar til opplæring knytta til prosessen og eventuelt til planlagte endringar i roller, ansvar og oppgåver etter omstillinga.
- Informer om kva som er forventa på både kort og lang sikt, sjølv om situasjonen er flytande og i rask endring. Ver tydeleg på kva som er forventa – ein dag, ei veke eller ein månad fram i tid.
- Sørg for at dei tilsette veit svara på spørsmåla «kva er mine ansvarsområde?» og «kva er forventa av meg?».
- Kartlegg kva for arbeidsoppgåver som organisasjonen treng, og kva dei tilsette ønsker. Bruk uformelle læringsgrupper kor dei tilsette kan lære av kvarandre, i tillegg til formelle opplæringsarenaar.
Eksempel frå reinhaldseining på sjukehus
Tidleg i prosessen var det særleg to ting som var uavklart: kven dei skulle vere på team saman med, og kva for område dei skulle ha ansvar for å halde reint. Dette gjorde at dei tilsette var usikre, og det var stor skepsis til omstillinga. For å rydde opp i dette fekk dei tilsette kome med ønska sine, skriftleg og i prioritert rekkefølge. Som reinhaldsleiaren sa: «Vi må ta høgde for det dei har sagt at dei ønsker, og vi må vise at vi høyrer på dei og tar dei på alvor.»
Frå FoU-prosjektetet Sunne omstillingsprosessar, Arbeidstilsynet.