Det er i hovudsak tillate å bruke religiøse hovudplagg som hijab, turban og kalott i arbeidstida, viss det ikkje er til hinder for at ein kan gjere arbeidet. Saklege grunner for å forby religiøse hovudplagg på arbeidsplassen kan vere omsyn til sikkerheit eller hygiene.
Chatbot
Religiøse hovudplagg på arbeidsplassen
Krav til arbeidsantrekk
Arbeidsgivar kan stille krav til korleis ein arbeidstakar skal kle seg i arbeidstida. I enkelte tilfelle er ei uniform eller eit anna arbeidsantrekk eit absolutt krav. I andre tilfelle er kravet avgrensa til at antrekket skal vere «pent».
Ei anna viktig avgrensing gjeld i situasjonar der arbeidstakarar ønsker å bruke religiøse hovudplagg. Med «religiøst hovudplagg» meiner ein for eksempel hijab eller religiøse hovudplagg som mannlege sikhar og medlemmer av det mosaiske trussamfunn bruker. I hovudsak kan arbeidstakarar bruke slike hovudplagg, men arbeidsgivaren har rett til å stille krav til utforminga av hovudplagget, for eksempel i samband med bruk av uniform eller arbeidsantrekk.
Sakleg grunn til forbod
Arbeidsgivaren kan berre i spesielle tilfelle nekte tilsette å bruke religiøse hovudplagg. Eit forbod må ha saklege grunnar og formål. I nokre samanhengar blir det til dømes stilt særskilte krav til hygiene eller sikkerheit på arbeidsplassen. I slike tilfelle kan det vere sakleg med eit forbod mot bruk av hovudplagg.
Treng du råd?
Likestillings- og diskrimineringsombodet kan svare på spørsmål om pliktane til arbeidsgivaren og kan hjelpe til med å finne praktiske løysingar:
Kven handhevar lova?
Det er Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsnemnda.no) da som handhevar diskrimineringsforboda i likestillings- og diskrimineringslova og i arbeidsmiljøloven § 13-1 (unntatt tredje ledd).