
KULDE OG INNEKLIMA: For låg innetemperatur kan påverke både trivsel, helse og kor effektivt ein får gjort jobben. FOTO: Colourbox.
Når det blir kaldt på arbeidsplassen, kan det påverke trivsel, helse og kor effektivt ein får gjort jobben. Dette kan vere særleg utfordrande i stillesitjande arbeid, som på kontor, i kundesenter og ved anna administrativt arbeid.
– Arbeidsmiljølova seier ikkje noko om temperaturgrenser, men Arbeidstilsynet anbefaler ikkje innetemperaturar under 19 grader i arbeidslokale der ein gjer lett fysisk arbeid, seier Gunn Robstad Andersen, seksjonsleiar i Arbeidstilsynet.
Temperaturar på arbeidsplassen
- Arbeidstilsynet anbefaler å unngå temperaturar under 19 garder ved lett fysisk innearbeid i periodar med oppvarmingsbehov.
- Ved fysisk tungt arbeid kan ein senke temperaturen meir. Arbeidstilsynet anbefaler minimum 16 grader for middels tungt arbeid og minimum 10 grader ved tungt fysisk arbeid.
- I vintersesongen er luftfukta lågare enn om sommaren. I periodar med behov for oppvarming anbefaler vi derfor å halde temperaturen under 22 grader for å unngå plager med tørr luft.
- Ver oppmerksam på at trekk og kalde vindaugsflater kan påverke den opplevde temperaturen.
Involvering er viktig
For låg temperatur kan opplevast som plagsamt. Når du frys, kan det gå ut over konsentrasjon, fingerferdigheiter og tempo. Nokre kan få stive musklar, og ein kan lettare få infeksjonar.
Opplevinga av kva som er ein god arbeidstemperatur varierer frå person til person. Nettopp derfor har arbeidsgivar ansvar for å ta initiativ til dialog og involvere dei tilsette i vurderingar av innetemperaturen.
– Kulde kan påverke både helse og arbeidsevne. Når arbeidsgivar inviterer til dialog og lyttar til dei som jobbar der, er det lettare å finne løysingar som fungerer for fleire, seier Gunn Robstad Andersen.
Kva med dei som frys?
Opplever du at det er for kaldt på jobb, bør du ta det opp med næraste leiar. Forklar korleis kulda påverkar deg i arbeidskvardagen.
Enkle tiltak kan vere ekstra klede, pausar med lett rørsle eller andre justeringar i arbeidsoppgåver. Dersom fleire opplever det same, kan det vere lurt å ta det opp samla.
– Ta det opp tidleg og snakk med leiaren din. Blir ikkje problema løyste, kan du ta saka vidare til verneombod eller arbeidsmiljøutvalet. Du kan også kontakte Arbeidstilsynet for råd og rettleiing, seier Andersen.