
FRIDAGAR TIL OVERS? Alle arbeidstakarar har krav på minst 25 arbeidsdagar ferie kvart år. Men kva om feriepotten ikkje er tom før årsskifte? FOTO: Colourbox
I dei fleste tilfelle er det uproblematisk å overføre nokre feriedagar til neste år.
For sjølv om hovudregelen er at du skal ta ut all ferien i løpet av kalenderåret, kan du avtale med arbeidsgivar å overføre inntil 12 feriedagar til året etter.
Arbeidsgivar må godkjenne
– Arbeidstakarar har likevel ikkje krav på å få overført feriedagar. Ettersom arbeidsgivar pliktar å sørgje for at arbeidstakar avviklar ferien sin, må du inngå ein avtale om overføring av inntil 12 dagar til neste år, seier seksjonsleiar Torill Cecilie Mehus i Arbeidstilsynets svarteneste.
– Begge partar må vere samde og avtalen skal vere skriftleg.
Hugs på at ferieloven òg reknar laurdag som arbeidsdag. For deg som arbeider vanleg arbeidsveke med arbeid på kvardagar og fri i helga svarer 12 feriedagar til to veker ferie.
Sikre god balanse mellom jobb og fritid
Arbeidstilsynets svarteneste opplever at det er sjeldan ein blir ueinige om dette temaet på norske arbeidsplassar.
– Det er ikkje så ofte vi høyrer om konfliktar om overføring av feriedagar. Både arbeidsgivar og arbeidstakar ønsker stort sett å finne gode løysingar, seier Mehus.
– Hugs likevel på at overføring av ferie er ein unntaksregel. Det beste er å planlegge slik at all ferie blir tatt ut i løpet av året, slik at du får ein god balanse mellom arbeid og fritid.
På tide å ta ut feriedagar?
Ifølge ferieloven kan du normalt ikkje overføre meir enn 12 feriedagar til neste år. Med andre ord kan du ikkje spare opp uendeleg mange dagar, og arbeidsgivaren din kan heller ikkje be deg om å overføre meir enn 12 dagar.
Har du fleire feriedagar til overs på feriekontoen, er tida inne for å bruke dei.
– Prøv å finne rom for å ta ut feriedagane no før jul. Ta kontakt med arbeidsgivar og planlegg dette så snart som mogleg, oppmodar seksjonsleiaren.
Tariffavtalar kan ha romslegare reglar
Mange arbeidstakarar har tariffavtalar med andre reglar for ferieoverføring enn ferieloven. Så sjølv om loven seier éin ting, kan arbeidsavtalen din seie noko anna.
Framforhandla tariffavtalar skal likevel ikkje vere mindre gunstige for deg som arbeidstakar enn lovverket.
– Mange har dessutan interne reglar med fristar for å søke ferie. Desse må du naturlegvis forhalde deg til, sjølv om dei ikkje er lovfesta, seier Mehus.
Automatisk overføring ved sjukdom eller permisjon
Dersom du ikkje har hatt høve til å ta ut feriedagar i løpet av ferieåret på grunn av sjukdom eller foreldrepermisjon, seier loven at du kan overføre alle dei ubrukte feriedagane til året etter.
