Krav til lys og synsforhold

Alle arbeidsplassar skal ha dagslys og utsyn. I nokre tilfelle kan det vere vanskeleg å kombinere dette kravet med funksjonen og energibruken til bygget, men det er like fullt eit klart krav.

Dagslys og utsyn

Kravet om dagslys og utsyn er hovudregelen på arbeidsplassar og ved søknad om Arbeidstilsynet sitt samtykke ved nybygg og ombygging. 

Kravet betyr at 

  • også spiserom skal ha dagslys og utsyn om det er mogleg
  • omsyn til funksjon og energi normalt ikkje gir unntak frå krava

Kravet kan gi utfordringar i bygg som skal innehalde kontorarbeidsplassar, kjøpesenter, butikklokale, skolar, bilvasklokale osv. Det kan også komme i konflikt med målet om unngå for mykje solvarme.

Desse omsyna gir likevel ikkje unntak frå krava i arbeidsplassforskrifta § 2-10.

Også byggteknisk forskrift (TEK) stiller krav til dagslys og utsyn i rom for såkalla varig opphald.

Kva er rom for varig opphald?

Rom for varig opphald i arbeids- og publikumsbygg, er arbeidsrom og publikumsrom.

Lagerrom, korridorar, gangar, garderobar, toalett, dusjrom og liknande er ikkje rom for varig opphald.

Dagslysfaktoren i rommet må vere minst 2 %

Rettleiinga til byggteknisk forskrift seier at krav til dagslys blir oppfylt ved at «gjennomsnittlig dagslysfaktor i rommet må være minimum 2,0 %. Samsvar dokumenteres med beregninger av mest kritiske rom i forhold til dagslysforhold». 

Rom for varig opphald ha minst eitt vindauge

Om utsyn seier rettleiinga til byggteknisk forskrift at i arbeidsbygning og byggverk for publikum, må rom for varig opphald ha minst eitt vindauge. Underkanten av glasflata må vere maksimum 1,0 meter over golvet.

Vindauga kan ikkje vere tildekte

Merk at vindaugsflater som skal oppfylle kravet til dagslys og utsyn, ikkje skal dekkast til med innreiing, reklame eller liknande. I så fall vil kravet til dagslys og utsyn ikkje lenger vere oppfylt.

Søknaden kan oppfylle krava i arbeidsplassforskrifta ved å oppfylle byggteknisk forskrift

Arbeidstilsynet forvaltar ikkje byggteknisk forskrift. Likevel kan søkaren oppfylle krava i arbeidsplassforskrifta § 10-2 ved å vise at løysinga tilfredsstiller krava i byggteknisk forskrift (TEK) som gjeld på søknadstidspunktet.

Krav om lys og utsyn i byggteknisk forskrift:

§ 13-7. Lys (dibk.no)

§ 13-8. Utsyn (dibk.no)

Arbeidsplassforskrifta gir unntak for heilt spesielle tilfelle. Ho seier at lokale utan dagslys og utsyn kan brukast som arbeidsplass i visse tilfelle:

Arbeidsplassar under jorda

Nokre arbeidsplassar må av tekniske eller sikkerheitsmessige grunnar ligge under jorda. I praksis gjeld dette svært få tilfelle.

Spesielle arbeidsoppgåver, f.eks. i tunellar og gruver

Nokre få typar arbeid og konkrete arbeidsoppgåver må utførast utan tilgang til dagslys og utsyn. Dette gjeld for eksempel gruvearbeid eller andre anlegg i fjell.

Store arbeidslokale eller kort opphaldstid

Lokalet sin storleik eller tida arbeidstakaren oppheld seg der, kan gjere det forsvarleg å arbeide utan dagslys. Dette kan for eksempel gjelde

  • industribygg med store, opne rom
  • arbeidsplassar der arbeidstakarane oppheld seg i svært kort tid for kortvarige eller midlertidige arbeidsoperasjonar

Urimelege bygningsmessige eller kostnadsmessige utfordringar

Vi kan gjere unntak dersom det å bygge om eksisterande arbeidslokale fører til store ulemper, spesielle bygningsmessige problem og store kostnadar. 

Unntaket gjeld ikkje tiltak som å sette inn vindauge i eksisterande arbeidsrom over jord. I så fall må søkaren dokumentere at dette gir heilt spesielle bygningsmessige problem.

Mål om å spare energi, minske varmetap og unngå for mykje solvarme gjer at mange bygg blir planlagde med lita ytre overflate, stort volum og avgrensa vindaugeareal. Dette for å minske varmetap og unngå for mykje solvarme.

Ei slik utforming fører ofte til lang avstand til vindauga og lite dagslys for dei som arbeider i dei indre delane av lokala. Omsynet til funksjon og energi gir derfor ikkje unntak frå krava.

  • Dagslys er nødvendig for å halde oss vakne, opplagde og friske. Utsyn er nødvendig for å orientere oss i omgivnadane.
  • Dagslys fremmer vekst og utvikling. Det påverkar den biologiske klokka som styrer døgnrytme, hormonsvingingar, energibalanse og ei rekke kroppsfunksjonar.
  • Dagslys fremmer læring og læringsmiljø.
  • Godt dagslys om dagen gir betre søvnkvalitet om natta.
  • Kunstig belysning kan i praksis ikkje erstatte dagslys sidan lysspekteret ikkje greier å imitere dagslyset godt nok til å ta hand om dei fysiologiske behova.

Belysning og synsforhold

Arbeidslokale og arbeidsplassar skal vere utforma og innreia slik at dei enkelte arbeidsplassane får tilfredsstillande belysning for å verne sikkerheita og helsa til arbeidstakarane.

Arbeidsplassar utandørs og under jord skal vere tilstrekkeleg opplyst med kunstig belysning når det trengs.

Ferdselsvegar, lasterampar og liknande skal ha belysning dersom det er nødvendig for sikkerheita til arbeidstakarane.

Belysningsinstallasjonane skal vere plassert slik at dei ikkje kan føre til ulykker for arbeidstakarane. Derfor skal det vere gode farge- og kontrastforhold utan for store luminansforskjellar innanfor synsfeltet.

Gode synsforhold krev meir enn berre tilstrekkeleg lysstyrke (lux). Forhold som kan ha stor betydning, er blant anna

  • valet av lyskjelder
  • plasseringa av lyskjeldene
  • kor arbeidsplassane blir plassert i forhold til vindaugsflater og andre lyse flater

Sjå kommentaren til arbeidsplassforskrifta § 2-12.

Standarden Lys og belysning – Belysning av arbeidsplasser – Del 1: Innendørs arbeidsplasser (NS-EN 12464-1:2021) (standard.no) gir normer for belysning på innandørs arbeidsplassar.

Bruk han saman med Lyskultur sin rettleiar Luxtabell og planleggingskriterier for innendørs belysningsanlegg (lysveileder.no) (berre for abonnentar)

Løysingar som følger normene i standarden og rettleiaren, oppfyller normalt krava til Arbeidstilsynet. Kontakt gjerne Lyskultur for rettleiing knytta til standarden og rettleiaren, og for hjelp til å finne løysingar i konkrete saker.

Følg gjerne dei preaksepterte løysingane frå Arbeidstilsynet

Planlegg og innrett gjerne tiltaket/bygget i samsvar med dei preaksepterte (førhandsgodkjende) løysningane til Arbeidstilsynet. Da sikrar de at krava er oppfylde. Det aukar sjansen for å få samtykke frå Arbeidstilsynet.

Last ned og sjå Arbeidstilsynets preaksepterte løysningar i skjemaet for eigenerklæring

Søk om samtykke frå Arbeidstilsynet