
TILSYN MED VAREHANDEL: Arbeidstilsynet har særleg fokus på unge arbeidstakarar under tilsyna med varehandel i 2026. FOTO: Arbeidstilsynet
– Unge arbeidstakarar er ei sårbar gruppe som skal vernast ekstra godt i arbeidslivet. Derfor prioriterer vi tilsyn i periodar kor mange har sin første jobb eller jobbar sesongbasert, seier direktør i Arbeidstilsynet, Ingvill Kvernmo.
Varehandelen er ein av Noregs største næringar og sysselset over 360 000 arbeidstakarar. Bransjen har mange unge tilsette, deltidstilsette og sesongarbeidarar. I sommar- og julehandelen blir tilsett det kvart år mange unge arbeidstakarar, noko som gjer desse periodane spesielt aktuelle for tilsyn.
Arbeidskontraktar og verneombod blir prioriterte
Tilsyna vil kontrollere om arbeidstakarane har arbeidsavtalar som oppfyller kravet i loven, og om verksemdene har ei verneombodsordning som er i tråd med regelverket. Det er strenge, men tydelege krav til innhaldet i arbeidskontraktar og alle arbeidsplassar med meir enn fram tilsette skal ha verneombod.
Arbeidstilsynet vil òg rettleie om tema som oppfølging av unge arbeidstakarar, søndagsarbeid, arbeidstid, krav til pausar og pauserom.
Fann brot i tidlegare tilsyn
Erfaringar frå tidlegare tilsyn viser at mange verksemder framleis har utfordringar på desse områda. Då Arbeidstilsynet kontrollerte arbeidsavtalar i 600 butikkar, hadde 51 prosent mangelfulle arbeidsavtalar, medan sju prosent mangla skriftlege arbeidsavtalar heilt. I tillegg fann Arbeidstilsynet avvik knytte til verneombod i 44 prosent av tilsyna der dette blei kontrollert.
– Arbeidstilsynet forventar at alle arbeidsgivarar kjenner regelverket og sørgjer for at –arbeidsavtalar og verneombodsordningar er på plass, seier Kvernmo.
Dersom det under tilsyna blir avdekt andre forhold, som bruk av leiande eller særleg uavhengige stillingar eller overvaking av tilsette, vil behovet for vidare oppfølging bli vurdert.
