Verneomboda bidreg kvar dag til eit trygt og godt arbeidsmiljø på norske arbeidsplassar. Verneombodets dag 22. oktober er ei anledning til å anerkjenne innsatsen og synleggjere rolla verneomboda har.
I år løftar vi særleg fram rolla verneombodet har i det psykososiale arbeidsmiljøet. Verneombodet skal involverast når verksemdene kartlegg risiko, vurderer kva som må gjerast og planlegg tiltak.
Les om psykososialt arbeidsmiljø
Slik kan de markere dagen
Arbeidstilsynet oppfordrar alle arbeidsplassar til å markere verneombodets dag. Det treng ikkje vere stort eller komplisert. De kan for eksempel
- sette verneombodet si rolle på dagsordenen i eit personalmøte
- gjennomføre ein HMS-runde saman
- snakke om det psykososiale arbeidsmiljøet og korleis verneombodet blir involvert
- løfte fram noko leiinga og verneombodet har fått til saman
- sjekke om verneombodet har nok opplæring og tid til å gjere jobben
Og ja, det er sjølvsagt lov å spandere kake.
Fagleg påfyll for verneombod
Bruk gjerne verneombodets dag til fagleg påfyll. Arbeidstilsynet har tre webinar som de kan sjå i opptak
Rolla til verneombodet, kva inneber denne?
Rolla til verneombodet i det psykososiale arbeidsmiljøet
Kva gjer verneombodet når det oppstår konfliktar?
De kan også melde dykk på eit nytt webinar
Bruk verneombodet heile året
Det viktigaste er likevel ikkje kva de gjer 22. oktober. Det er korleis verneombodet blir involvert resten av året.
Korleis arbeidet blir lagt opp i kvardagen, har mykje å seie for arbeidsmiljøet. Involver derfor verneombodet når de kartlegg risiko, vurderer behov for tiltak og gjer endringar som kan påverke arbeidsmiljøet.
Gi verneombodet tid og moglegheit til å medverke. Og involver tidleg nok til at verneombodet faktisk kan påverke avgjerdene.