For å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, skal arbeidsgivaren sørge for at førstehjelpsutstyr er tilgjengeleg på arbeidsplassen.
Arbeidsgivarens ansvar
arbeidsgivaren har ansvaret for å tilpasse førstehjelpsutstyret til kva slags arbeid som blir utført, storleiken på arbeidsplassen, kvar arbeidet skjer og talet på tilsette
arbeidsgivaren har ansvaret for at førstehjelpsutstyret alltid er komplett og at det er godt kjent kvar utstyret er plassert
arbeidsgivaren skal sørge for opplæring og øving i bruken av førstehjelpsutstyret
Kva skal førstehjelpsskåpet innehalde?
Kor mykje førstehjelpsutstyr som trengst, må stå i forhold til kva slags arbeid som blir utført, utforminga av lokala og kvar arbeidstakarane er plasserte.
ulike bandasjar, kompressar, sportstape, plaster og sårserviettar til behandling av kutt og sår
trekanttørkle (fatle) til avlasting ved brot
sikringsnåler, saks og pinsett
elastisk bind 10 cm x 5 m
munn-til-munn-maske (med ventil eller filter)
eingongshanskar
augeglas og saltvassoppløysing
sårvaskeserviettar
brannbandasje f.eks. 5 cm x 15 cm
kuldepakning
kort rettleiing i førstehjelp
Vurder ut frå risiko
Kva type førstehjelpsutstyr det er fornuftig å skaffe, skal arbeidsgivaren vurdere ut frå risikoforholda i verksemda. Arbeidsplassar med lang transporttid til medisinsk kyndig hjelp kan ha nytte av meir førstehjelpsutstyr enn andre.
Verksemder spreitt over større område bør i tillegg til fast plasserte førstehjelpsskåp ha lett transportable førstehjelpskrin, med ulike typar bandasjar.
Dette utstyret er til bruk når skaden skjer i ein viss avstand frå hovudarbeidsplassen. Utstyret bør vere forsegla og må fyllast opp att kvar gong forseglinga blir brote.
Om verksemda avgjer å ha ein hjertestartar tilgjengeleg, til dømes på bakgrunn av ei risikovurdering, bør det etablerast rutinar for bruk, vedlikehald og opplæring. Tiltenkte brukarar bør òg ha fått opplæring i grunnleggjande hjarte-lungeredning.
Er det trong for utstyr til kunstig pustehjelp, finst oksygenapparat som er lette å bruke. Meir avanserte oksygenapparat bør ein skaffe i samråd med helsepersonell. Dei bør berre brukast av helsepersonell eller personar med spesialopplæring.
Skjener og bårer er naudsynte i verksemder med høg risiko for skade. Det er praktisk med eige førstehjelpsrom med vask.
Er det risiko for akutte forgiftingar? Då bør førstehjelpsskåpet ha eigna førstehjelpsutstyr for det.
Er det risiko for sprut av etsande stoff i augo? Då er det særleg viktig å fylle på førstehjelpsutstyret med utstyr for augeskyljing.
Giftinformasjonen er det nasjonale rådgivings- og kompetanseorganet for akutte forgiftingar. Dei gir hjelp heile døgnet på telefon 22 59 13 00.
Rutine for å komplettere utstyret
Arbeidsgivaren skal sørge for fast rutine som sikrar at innhaldet i førstehjelpsskåpet alltid er komplett. Rutinen må også sikre at skåpet blir reingjort og at utstyr ikkje er utgått på dato.
Førstehjelparar bør få regelmessig opplæring
På alle arbeidsplassar bør det alltid vere førstehjelparar som får regelmessig opplæring, helst med 1–1,5 års mellomrom. Dei bør også få særleg instruksjon i førstehjelp ved meir spesielle ulykker, helseskadar og sjukdommar som kan opptre på arbeidsplassen.