
Av Ingvill Kvernmo, direktør i Arbeidstilsynet
Ein kortare versjon av innlegget vart først publisert på sykepleien.no.
I ei fersk undersøking beskriv mange sjukepleiarar ein arbeidskvardag prega av høgt press og lita moglegheit for restitusjon, særleg i kommunale sjukeheimar og heimetenester. Undersøkinga bygger på svar frå over 18 000 sjukepleiarar og er gjennomført av SINTEF på oppdrag frå Norsk Sykepleierforbund.
Høy arbeidsbelastning og lav bemanning gjør det tøft å være sykepleier (gemini.no)
Resultater fra NSF-kohorten 2024 (sintef.no)
Blant utfordringane som blir beskrivne, er ledige stillingar, stram bemanning og turnusar som gir avgrensa rom for kvile mellom arbeidsøktene. Dette er forhold som påverkar både helse og moglegheita til å stå i jobben over tid.
I Arbeidstilsynet merkar vi oss særleg at rapporten peikar på manglar i HMS-arbeidet for verksemdene. Arbeidsgivar skal jamleg kartlegge arbeidsmiljøforhold og vurdere risiko for helseproblem som følge av arbeidet. Likevel svarar nesten 60 prosent av sjukepleiarane at dette ikkje blir gjort på arbeidsplassen deira.
At sjukepleiarar opplever store belastningar, er godt kjent. Men når belastningane ikkje blir systematisk kartlagde og følgt opp, blir grunnlaget for målretta tiltak svekka. Då blir det vanskeleg å førebygge overbelastning og helseproblem på ein treffsikker måte.
Frå 1. januar 2026 er regelverket om psykososialt arbeidsmiljø gjort tydelegare. Presiseringane inneber ingen nye krav, men klargjer arbeidsgivars ansvar for å jobbe systematisk og førebyggande med psykososiale forhold i arbeidet.
Endringane betyr ikkje at arbeidsgivar skal fjerne høgt arbeidstempo, krevjande pasientsituasjonar eller emosjonelt arbeid.
Dette er ein naturleg del av arbeidet i helse- og omsorgstenestene, og for mange også ein meiningsfull del av jobben.
Det som derimot er lovpålagt, er at arbeidsgivar skal ha oversikt over kva belastningar arbeidet kan gi. Arbeidsgivar skal vurdere risikoar i arbeidet og sette inn dei tiltaka som må til for å redusere risiko for helseplager. Det kan vere justeringar i organisering, rutinar for betre støtte i krevjande situasjonar eller tydelegare prioriteringar.
Når slike forhold blir følgde opp systematisk, gir det eit betre grunnlag for å førebygge belastning. Detbidrar også til at sjukepleiarar kan stå lenger i jobben og gjere helsetenestene meir attraktive for å rekruttere kvalifisert helsepersonell.
Tydelegare regelverk om psykososialt arbeidsmiljø frå 1. januar 2026
Frå 1. januar 2026 er regelverket om psykososialt arbeidsmiljø presisert. Endringane inneber ingen nye krav, men gir klarare rammer for det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet.
- Arbeidsmiljøloven § 4-3 presiserer no at kravet om eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø også gjeld psykososiale forhold.
- Lovteksten gir også fire nye døme på psykososiale arbeidsmiljøfaktorar som arbeidsgivarar må vere merksame på:
- uklare eller motstridande krav og forventningar i arbeidet
- emosjonelle krav og belastningar i arbeid med menneske
- arbeidsmengd og tidspress som inneber ubalanse mellom arbeidsoppgåvene og den tida som er til rådigheit.
- støtte og hjelp i arbeidet
- Ein ny del i forskrift om utføring av arbeid utdjupar den nye lovteksten og beskriv korleis arbeidsgivar skal jobbe systematisk og førebyggande med psykososialt arbeidsmiljø.
Les meir på arbeidstilsynet.no: Psykososialt arbeidsmiljø


